Treplog

(Trykk på bildet for full størrelse)

Jordbrukslandskapet under omstrukturering

Jordbruket gjennomgjekk endringar som sette sitt preg på landskapet. Utskiftingar og produksjonsomlegging er viktige stikkord. Utskiftingane vart intensivert etter at loven av 1857 kom, og det føregjekk naturlig nok flest utskiftingar der teigblandinga hadde vore mest omfattande, det vil seie på kysten og i dei indre dal- og fjellbygdene.

Landskapet fekk etter utskiftinga eit anna preg med meir samanhengande jordstykke. Bygningsmassen er ei sak for seg. Klyngetuna vart brote opp, husa flytta ut til separate tomter og vegar omlagt. Dette var fysiske omkalfatringar som også hadde sosiale følgjer. Dei resulterte i større avstand og mindre samarbeid mellom dei einskilde bruka i ei grend. Folks reaksjonar på desse omstruktureringane i jordbrukslandskapet har nok vore blanda.

Langvarig prosess
Ei utskifting var enkelte stader ei veldig forretning som kunne gå over fleire år. På Graftåsen i Ålen vart det opna utskiftingsforretning i 1881. Heile arealet besto av 524 teigar fordelt på 23 bruk. 78 av teigane tilhøyrte han som forlangte utskiftinga. Gjennomsnittsstorleiken var på 1,55 dekar. Grenda var som ein tettbygd landsby der det sentrale området hadde ei utstrekning på berre ein kilometer. Etter utskiftinga vart landsbypreget borte. I tillegg til at hus vart flytta ut frå fellestun, vart det også bygd mange nye hus, både våningshus og driftsbygningar, så bygningsmassen vart i stor grad modernisert.

Frå åker til eng
Etter at slike omstruktureringar var gjort, fekk landskapet eit ryddigare preg, men einsformig var det likevel ikkje, til det var produksjonen for variert. Eit generelt trekk var at kornproduksjonen gjekk ned. Det vart dyrka stadig mindre havre, men det var ei viss auke i dyrking av bygg, unntatt i Fosen. I dal- og fjellbygdene var bygget einerådande, havren trong lang vekstsesong og vart derfor for usikker i høgda. Potetåkrane strakte seg framleis over store areal og dominerte på kysten der det var lengre mellom kornåkrane. Tidligare kornareal vart nytta til fordel for fôrproduksjon. Engkulturar med kløver og timotei vann innpass i 1870-åra. Når det gjaldt lindyrkinga, opphøyrte ho heilt ved hundreårsskiftet. Ho hadde halde seg relativt bra fram til 1850-tallet, auka også mot slutten av 1860-åra, men mot slutten av 1800-tallet var lin som tekstil for lengst utkonkurrert av bomull, og dermed forsvann også dei blå flekkane i landskapet. Innmarka forandra dessutan farge ved at det vart meir eng og mindre åker. Utover sommaren var det ikkje så store areal som skifta farge frå grønt til gult som tidligare.

Utmarka
Utmarksbruken, derimot, held seg framleis oppe. Både slåtte- og seterbruk vart drive på kysten og i innlandet. På Fosen og Ytre Namdalen som opplevde tilflytting og folkevekst i perioden, auka buskapen, og dermed auka også fôrbehovet. Det vart større beitetrykk og intensiv fôrhausting på alle øyer og holmar. På Borgan i Vikna flytta dei med buskapen på setra på Kalvøya for å utnytte beiteressursane der. Kratt og skog hadde ein sikker motstandar i beitedyra. I dal- og fjellbygdene dreiv dei framleis ved hundreårsskiftet fleirseterbruk mange stader. Det vil seie at dei nytta fleire setrer i eit vekselsystem over året eller på toårsbasis. Også her held beitedyra landskapet ope.

Reinsdrift og fjelslått
I tillegg til husdyra beita det reinsdyr i fjelltraktene i innlandet og på Fosen. Dei beita hovudsakelig på lauv og ulike lavartar i høgfjellet, men kunne også trekke nedover og beite på sopp og gras i seter- og slåttetrakter. Når det gjeld fjellslåtter, er det mange rikmyrsområde i Trøndelag, og da særlig omfattande i sørlige delar av regionen. Det skyldes at grunnen er kalkrik, og dermed vert englandskapet spesielt frodig. Når dette landskapet vert halde ope med slått og beite, vert det gunstige tilhøve for vakre urte- og blomsterartar. Det vert ein fryd for auget og ei oppleving også for luktesansen. På landsbasis var Sør-Trøndelag det fylket i landet som hadde størst areal både utslåtter og fjellslåtter først på 1900, over 360 000 dekar til saman.

Skogen
Landskapet hadde altså preg av å vere ope, og skogane var framleis nokså glisne mange stader. Skogkommisjonen av 1874 konstaterte at det gjekk føre seg betydelig overavverking av skog også i Trøndelag. Enno var det ikkje sett i verk tiltak for skogkultur. Det kom ikkje før ved hundreårsskiftet da også lovgivinga la til rette for det. I mellomtida kravde ulike behov tømmer og trevirke, og denne hogsten bidrog til å halde gjenveksten i sjakk. Også dei store, samanhengande skogane i Namdalen var etter kvart blitt utnytta.

Skogbruksnæringa skyter fart
Alt det nye som var knytt til utnytting av skogen som ressurs, sette også sitt preg på landskapet, alt frå kaianlegg for utskiping som tidligare nemnt, til lenser og fløyteinnretningar og, ikkje minst, sagbruk og fabrikkanlegg. Etter at sagbruksprivilegia vart oppheva i 1860, vart det fritt fram for etablering av sagbruk, og dei kunne med den nye dampteknologien også etablerast uavhengig av fossekraft. Det vart sett i gang sag- og trelastbruk både på bygdene og i byane, og fabrikklokala og tomtene med plankestablar vart etter kvart nye trekk i den tidlige industrialismens jordbrukslandskap. På Ranheim vart det bygd cellulosefabrikk i 1884, og framover frå 1880-åra vart det også bygd tresliperi på seks forskjellige stader, mellom anna Meråker, Salsbruket og Follafoss. Fabrikkanlegga innebar også arbeidsfolk og dermed endringar i landskapsbiletet på grunn av behov for bustader og andre funksjonar.

Modernisering
Mykje av den tradisjonelle arealbruken i jordbruket vart oppretthalde, men næringa gjennomgjekk likevel ei modernisering. Større satsing på foredling og omsetning resulterte i nye bygningstypar som vart reist sentralt omkring i bygdene. Både møller og meieri høyrer denne perioden til. Begge delar innebar ei ny transportverksemd. Før hadde gardskverner gjort nytten, no måtte det større innretningar til for tørking og maling av korn. På Kjellen i Singsås vart den første bygdemølla etablert i 1867, og etter kvart kom det ei rekkje bygdemøller rundt om i regionen. I 1879 vart Piene mølle i Buvika starta, først i det små, og etter kvart vart mølla det dominerande byggverket som mange kjenner til som eit landemerke i dag. Også i bygder som Verdalen og Melhus, og på Steinkjer og i Trondheim, kom det store kornmøller som speglar produksjonslandskapet.

Meieri
Likedan vart det bygd meieri frå 1880-åra og framover. Nokre stader kunne meieridrift føre til avvikling av seterbruket og dermed til byrjande landskapsendringar i utmarka, som eksempelvis på Borgan i Vikna. I fjellbygdene, derimot, fortsette ein med fullseterbruk og smørproduksjon, så meierianlegg førte ikkje til nemneverdige endringar i utmarkslandskapet på slike trakter.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 17 - 19.

Kilder