Meeggen gård

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Gardstunet – trøndertunet

Det som sette dei tydeligaste spora i landskapet, var endringane på sjølve gardstuna. Dei mest dramatiske forandringane kom der det hadde vore klyngetun som no vart utskifta. Ofte vart det bygd heilt nye hus. Driftsbygningane gjennomgjekk størst forandring. Hovudtrekk var ei utvikling frå mange til færre hus, og idealet vart den såkalla einskapbygningen.

Det var behov for betre rom og stell for krøttera, og det trongst vognskjul for å oppbevare nye reiskapar og køyreinnretningar. Dessutan var det behov for å oppbevare langt større fôrmengder heime på garden enn tidligare, i og med at høy vart dyrka på innmark og måtte inn under tak nokså direkte.

Driftsbygningane
Den ideelle einskapsbygningen var i tre høgder med kjørebru på gavlveggen, eventuelt på begge gavlveggane. Øvste etasje var høylåve der ein kunne køyre innpå med hest og vogn og tippe av fôret. Etasjen under var innreidd med båsrom for krøttera. Underetasjen for gjødsel var mura og gjorde dermed bygningen meir solid. Sjølve fjøsbygningen kunne bestå av både tømmer og reisverk, slik at ein kunne skifte ut delar av han utan å rive det heile. Enkelte stader vart uthusa så store at ein bygde i vinkel. Denne nye driftsbygningen som utvikla seg, var enkel og genial både med omsyn til transport og oppbevaring av fôret til krøttera og med omsyn til transport og oppbevaring av gjødsla. Driftsbygning i tre høgder var særlig godt eigna der han kunne leggast i ei skråning slik at lembrua ikkje vart så bratt.

Firkanttunet
Det typiske trønderske firkanttunet fann med dette si form. Driftsbygning i vinkel, andre uthus og stabbur danna tre sider i firkanten, trønderlåna den fjerde. I meir brattlendte strøk og på små bruk var tunforma mindre lukka. Dyrefjøs og låve var delt i to bygningar på kvar si side av tunet, låna låg mellom, og fjerde sida inn mot bakken var ope. Stabbur var trekt litt utanom av omsyn til brannfare. Dette var nye tuntypar som eksisterte fram til det andre hamskiftet i jordbruket frå 1950-tallet og utetter. To-tre generasjonar levde med dette som faste element i landskapet og vente seg til at slik skulle det vere.

Trønderlåna
Trønderlåna gjennomgjekk også forandring på slutten av 1800-tallet, og Trøndelag vart det strøket i landet med mest einsarta bygningsutforming. Den same grunnplanen gjekk att i regionen, men trønderlåna hadde ein tendens til å vekse i lengda, avhengig av folk og økonomi. Dessutan vart det no gjerne mura kjellarar i full ganghøgde under våningshusa så vel som under driftsbygningane. Eit viktig trekk ved 1800-talets norske jordbrukslandskap er i det heile den auka bruken av stein som bygningsmateriale. Loftsetasjen, som tidligare gjerne hadde vore litt låg, vart løfta, slik at ein fekk full romhøgd, og lånene vart også panelt og mala, i alle fall dei veggane som vendte mot allfarvegen. Dermed har vi fullendt biletet av trøndertunet med kvitmala stuggulån og raud låvebygning i ein ryddig firkant liggande som små øyer i landskapet. Husmannsplassar og små- bruk hadde ikkje heilt den same utforminga og storleiken, og motsett fanst det enkelte storgardar med større dimensjonar på husa som markerte omfanget på drifta og statusen til eigaren.

Skifertak og kjellar
Ordføraren i Horg, Erik Midttømme, skreiv i ei utgreiing til Statistisk Sentralbyrå i 1920 at han mintes seksti år attende. På den tida fanst det ikkje ei stuggubygning der i bygda som var panelt og mala utvendig og berre få innvendig. Rundt 1880 var loftsvindauga mindre enn i første etasje. Men så vart det tømra på husa for å få andre etasje i full høgd, og loftsvindauga vart skifta ut til same storleik som i første. Torvtaket vart bytta ut med skifertak, og det vart grave kjellar under heile våningshuset, ikkje berre under ein del av det.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 19 - 21

Kilder