Elever og lærere ved Hov Skole, Ålen (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Nye bygningar

Ein ny bygningstype som kjem utover landsbygda, er skulebygg. I løpet av 1860-åra vart det bygd skulehus i hopetal i dei trønderske bygdene så vel som elles i landet. Skulen skulle ligge slik at skulevegen vart kortast mulig for flest mulig, så han vart ofte liggande der det ikkje var busetjing frå før, midt mellom fleire grender. På grunn av lovendring og auka folketal blei det også reist fleire kyrkjebygg.

Skulebygget var gjerne innreidd slik at det også fungerte som lærarbustad, sjølv om det ikkje var store huset. Dessutan kunne skulebygget fungere som forsamlingslokale for det gryande foreiningslivet, viss det da ikkje vart bygd eigne forsamlingshus. Det siste vart etter kvart regelen. Både skular og forsamlingshus var heilt nye bygningstypar på bygdene i andre halvdelen av 1800-talet.

Stavkyrkjene vart rive og erstatta med nye kyrkjer

Den einaste forma for forsamlingslokale ein hadde hatt på bygdene tidligare, var kyrkjene, viss ein da ser bort frå tingstugguene. Ved midten av 1800-åra var det enno lite nybygg av kyrkjer i regionen, men det skulle verkelig ta av etter 1850. På landsbasis er perioden 1850-1910 den mest intensive kyrkjebyggingsperioden sidan høgmellomalderen, og det gjeld også for Trøndelag. Dei fleste kyrkjene var trekyrkjer oppført for landskyrkjelydar, og utprega nygotisk i stilen. Denne kyrkjetypen skapte den utbreidde folkelige førestillinga om den landsens kvite kyrkja. Desse var temmelig forskjellig i storleik og stil samanlikna med dei gamle kyrkjene som sto på staden frå før. Mange av dei gamle stavkyrkjene vart dessverre rive og bygningsdelane spreidde utover og gjenbrukt i andre bygg.

Kyrkjer på nye stader
Av og til vart det også oppretta nye sokn som førte til at det reiste seg eit kyrkjebygg på ein ny stad. Ei slik kyrkje var Bratsberg i dei sørlige delane av Strinda som vart innvigd på slutten av året 1850. Denne kyrkja var bygd med utgangspunkt i eit «Normal-Udkast til Kirkebygninger paa Landet i Norge» fra 1831, utforma av daverande slottsarkitekt Linstow.

Auka folketal
Den bakanforliggande årsaka til at kyrkjebyggingstakten auka etter 1850, var at folketalet auka, men utløysande vart loven av 1851 som regulerte storleiken på kyrkja etter storleiken på kyrkjelyden. Gamle kyrkjer måtte enten ominnreiast, påbyggast eller erstattast av nye viss dei ikkje romma tretti prosent av kyrkjelyden, eller tjue prosent viss det vart halde gudsteneste to gonger kvar søndag.

Nygotikk

Frå 1850-åra og framover vart det altså bygd nye kyrkjer rundt om i heile Trøndelag. Dei fleste vart bygd i tre og sterkt påverka av tidas formspråk i konstruksjon og fasadeutforming. Nygotikken var framherskande, og enkelte stader vart det også innslag av dragestil som hadde eit regionalt tyngdepunkt i Trøndelag, som for eksempel i Strinda hovudkyrkje som sto ferdig i 1900. Desse kyrkjene vart nye landemerke rundt om på bygdene, og pregar landskapet framleis i dag. Dei færraste stadene finnst det andre monumentale byggverk som overdøyver kyrkjebygget.

Steinkyrkjer
Men det vart også bygd i stein. Restaureringa av Nidarosdomen tok til i 1869, og dette resulterte i katedralen slik vi kjenner han i dag. Men det resulterte også indirekte i bygging av fleire steinkyrkjer i Trondheims omegn gjennom den arkitektoniske og handverksmessige kompetansen restaureringa førte med seg. Innafor Trondheims grenser vart Ila kyrkje bygd på slutten av 1880-tallet, Lademoen kyrkje vart bygd i 1905 og fikk altertavle av Gabriel Kielland, han som seinare kom til å arbeide med glasmaleri ved Domkyrkja. Også Gauldalskatedralen i Melhus vart bygd i stein og kan settast i samband med arbeida ved Domkyrkja. Tilsvarande gjeld kyrkja i Rissa og kyrkja på Grøtte i Orkdalen.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 21 - 23.

Kilder