Bakgaard Svartlamon

Reina. Foto: Hans Nissen

(Trykk på bildet for full størrelse)

Bylandskapet

Hører til Bylandskapet

Trass i at ein får mange nye trekk spreidd utover i jordbrukslandskapet, og at ein til dels kan snakke om eit samferdselslandskap og eit fritidslandskap ute på bygdene, er det områda i byane og på dei nye tettstadene som opplever størst endringar i arealbruken.

Ein god del landbruksareal vart omdisponert til nærings-, bustads- og samferdselsføremål. I dei nye sentra vart delar av eller heile gardar nedbygde av fabrikklokale, handels- og servicebygg, vegar, skinnegangar og store bustadskompleks. På Orkdalsøra vart til dømes grunn på gardane Hov og Nervik nytta når den nye industristaden voks fram. Tilsvarande skjedde på andre industristader som Løkken, Hommelvika, Kopperå, Salsbruket og Abelvær, men nokre stader var det ikkje jordbruksjord, men meir øydemark som vart tatt i bruk. Det var til dømes tilfelle i Kopperå. Byggeskikken forandra seg dessutan i takt med den moderne tida. På industristader som Hommelvika og Orkdalsøra utvikla det seg ein villastil påverka av sveitsarstilen.

Byvekster
Trondheim med omegnskommunane Strinda, Malvik, Leinstrand og Tiller var det distriktet som opplevde størst endring i arealbruken. På store areal vart fabrikkar og verkstadbygningar, skipsverft og bryggeri bygd, tomter vart tatt i bruk for lager og skraphaugar, for ikkje å snakke om bustadbygginga. Byen åt seg utover, særlig i nabokommunen Strinda. Det utvikla seg nærast eit samanhengande byggebelte rundt byen både i vest, sør og aust. Dei delane av Strinda som låg nærast byen, vart i fleire trinn mellom 1846 og 1893 innlemma i byen. På Møllenberg vart det reist store leigegardar i tre i 1890-åra, og utover på Elgeseter og på Lademoen vart det bygd fleiretasjes leigegardar i mur som skulle huse arbeidarfamiliar. Husa i Ulstadløkkvegen er framtredande døme. Gardar i Strinda vart lagt ut til byggetomter. I dei ytre sirklane vart det bygd villaer eller leigegardar med til dels eksklusiv standard, men når ein kom fram mot 1920 vart det også bygd enklare bustader berekna på vanlige folk. Lillegården hageby er eitt døme. Desse husa ligg til Eidsvolls gate og var teikna av arkitekten Sverre Pedersen omkring 1920, inspirert av samtidas hagebyideal.

Nord - Trøndelag
Også dei andre byane opplevde endringar i bybiletet som skyldtes industri og anna verksemd som følgde med den moderne tida, om enn ikkje i like stor grad. Levanger opplevde faktisk ein tilbakegang i tida etter 1880, men etter hundreårsskiftet vart det ein ekspansjon som skjedde utafor bygrensene, slik som i Trondheim. Steinkjer voks fram på kvar side av Steinkjerelva, Nordsida og Sørsida, og ekspanderte raskt frå 1857 da ladestadsrettigheiter vart gitt. I Namsos og omegn vart arealbruken fort prega av den veksande sagbruksindustrien, både direkte og indirekte.

Bybrannar
Alle byane opplevde dessutan fleire bybrannar i løpet av 1800-åra. Gater vart til dels omregulert, krav til bygningsutforming endra og bybileta fekk eit anna preg. Murtvang fortrengte delar av trehuskvartala, og når brannkvarter skulle byggast opp att, kunne ein la seg påverke av tidas stilideal, slik som til dømes på Levanger når nybygg reiste seg etter brannen i 1897. Bygget til Lærarskulen frå 1900 og kyrkja frå 1902 kan framhevast som uttrykk for aktuelle stilideal. Skulebygget var teikna av Trondheimsarkitekten Guldahl og er halden i nederlandsk renessansestil, mens kyrkja var teikna av ein annan Trondheimsarkitekt, Karl Norum. Ho er i jugendstil, ein stilart som hadde si blomstringstid kring 1900.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 24 - 25

Kilder