På flyttefot

Mykje folk var på flyttefot på 1800-talet. Nokre flytta berre lokalt, andre flytta innanfor regionen, og atter andre drog langt av lei. Ikkje alle flytta permanent, men var berre på sesongvise arbeidsvandringar eller dreiv langtidspendling.

Arbeidsreiser
Frå rundt midten av 1800-talet vart det vanlig å dra på skogsarbeid for mange karer. Dei store fiskeria innebar sesongvise arbeidsreiser for ein stor del av den mannlige kystbefolkninga, slik som tradisjonen var frå langt attende. Etter kvart var det anlegg, gruver og industrireising som fekk folk til å flytte på seg.

Innflyttarelement
Det var i alle høve mange som budde andre stader enn der dei var fødd og oppvaksne, men det ein kan kalle innflyttarelementet, varierte får stad til stad og over tid. Enkelte stader hadde klart større innflyttarelement enn andre, som byane og dei nye industristadene og bynære strok. I det heile er den auka mobiliteten eit karakteristisk trekk ved denne perioden, godt støtta under av betra samferdsel og betra kommunikasjon i det heile. 

Tilflytting til byane
Utan tilflytting hadde ikkje folketalet i byane og tettstadene auka slik som det gjorde. I Trondheim i 1875 var bortimot halvparten av befolkninga fødde andre stader enn i byen. 40 % av befolkninga var frå bygdene, halvparten frå Sør-Trøndelag og halvparten frå andre bygder i/utenfor regionen. Berre eit par prosent kom frå utlandet, resten kom frå andre norske byar. I Levanger, Steinkjer og Namsos var berre om lag ein tredel av innbyggjarane fødde i vedkomande by. Rekrutteringa skjedde i hovudsak frå landdistrikta omkring. Det vert altså ein vesentlig skilnad i høve til Trondheim, som var som ein magnet for heile Trøndelagsregionen. 

Det høyrde faktisk til unntaket mot slutten av 1800-talet at ein husstand i Trondheim besto berre av folk som var fødde i byen. Fleire av husstandsmedlemmene, i det minste tenestefolket, var tilflytta, og også mange losjerande. I mange tilfelle var mest alle personane i husstanden fødde utafor byen. I Holstveita budde enka Anette Skjerve frå Stjørdalen. Ungane hennar var alle fødde i byen, men så hadde ho i alt åtte losjerande frå seks forskjellige stader. Tre var frå Byneset, og dei andre var får Børsa, Melhus, Horg, Orkdalen og Verdalen. 

Liknande situasjonar finn ein i dei andre byane. Mange av dei som var under opplæring, på skule eller i handverksbedrifter, budde som losjerande hos familiar i byen, og dei kom gjerne frå landdistriktet eller frå andre kantar av landet. På Levanger budde til dømes talrike ungdomar som gjekk på lærarskulen og var innlosjerte hos private. I og med at Levanger var ein liten by, kom nok innflyttarane til å setje eit større preg på byen enn dei trass alt gjorde i Trondheim. 

Landdistrikta
Folk flytta også frå byane, men det var i liten målestokk viss ein ser bort frå dei som utvandra. Unntaket er naboområda til Trondheim som opplevde tilflytting frå byen. Dette auka i perioden og strekte seg også til sørlige delar av nordfylket. Byen trenge seg utover. Det var ei viss utveksling mellom byane, både her i regionen og elles, og når ein kom fram til 1920, hadde mobiliteten mellom byane blitt enda eit hakk større enn før. 

Av landdistrikta var det ikkje overraskande Namdalen som hadde den største delen av befolkninga fødd utanbygds i 1875. Heile ein tredel av namdalingane var fødde andre stader enn det heradet dei var busette i, og det fordelte seg jamt på andre bygder der i distriktet, resten av Nord-Trøndelag og andre landdistrikt, trulig mest Helgeland og kystdistrikta lenger sør. Her har vi eit handfast vitnemål om den flyttinga som var i dei ytre kystdistrikta og som kan koplast til næringsverksemd. 

Strinda og Selbu er også eit distrikt med stort innflyttarelement i 1875 (28 %). Her er det nærleiken til Trondheim som er den openberre forklaringa. Det som var normalen elles i landdistrikta, var kring 20 % fødde utanbygds, og det er jo heller ikkje lite. Her høyrde også Fosen med, men der hadde flytterørslene til gjengjeld vore større tidligare. Dei aller, aller fleste som var tilflytta til Trøndelagsregionen, var norske. Berre ein utbetydelig del, under éin prosent, var utledingar, i Trondheim likevel litt meir. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 129-132