Svenske innflyttere (Ingressbilde)

svenske innflyttere

(Trykk på bildet for full størrelse)

Flytting i Trøndelag 1900-1920

Når ein kjem fram mot 1900, rekrutterer Trondheim ein enda større del av befolkninga si utafrå, men så var det da også ein by i sterk vekst. Tilhøvet for dei nordtrønderske byane derimot var omtrent som før, og landdistrikta omkring var viktigaste rekrutteringsområde for dei.

På bygdene i heile regionen samla sett var vel tre firedel av heile befolkninga fødde innanbygds. Elles var ein stor del frå nabobygder, men ei viktig feilkjelde er her kommunedelingane som kan gi eit misvisande inntrykk av auka flytting, mens ein del folk berre flytta mellom dei nye administrative einingane.

Svenskar
Utlendingane i landsdelen var fremleis få (1 %), og to tredel av dei var svenskar. Om lag slik var altså situasjonen da Noreg braut ut av unionen med Sverige nokre år seinare. Det var ikkje så få av broderfolket som hoppheld seg her. Forutan i Trondheim var dei først og fremst å finne i grensebygdene, i dei nordtrønderske byane og i dei bygdene der det var mykje og ny næringsverksemd. 

Omlandskommunar
Nokre landkommunar skil seg ut med omsyn til tilflytting. Bygdene Leinstrand, Strinda, Egge og Vemundvik har i 1900 ein større del av folket fødde utafor kommunen enn innanfor. Dette var omlandskommunar til Trondheim, Steinkjer og Nasos. For Levanger det Levanger landsokn som gjer samme nytten. For Leinstrand er det spesielt jernbanen, med Heimdal som stasjonsområde, som gjer utslag. 

Byane
I 1920 er Trondheim igjen ned på nivået frå 1875 når det gjeld innflyttarelement, det vil seie nokså nær halvparten, men vi veit at nabokommunen Strinda da vaks jamt og trutt med byen. Ei rekkje strøk gjekk i eitt med byen, og i tillegg var det fleire tettstader nært inntil byen: Ranheim, Nidarvoll, Charolottenlund, Selsbakk og Heimdal. 

Levanger, Steinkjer og Namsos hadde fram mot 1920 auka eigenrekrutteringa av folk, men her i dei nordtrønderske byane var folkeveksten heller liten. Framleis er Trondheim ein mykje sterkare magnet enn dei nordtrønderske byane. Dei sistenemnde verkar først og fremst tiltrekkande på folk i dei næraste landdistrikta. Til Trondheim flytta også mykje folk frå heilt andre kantar av landet. 

Landdistrikta
Landdistrikta hadde no opplevd enda meir folkeflytting enn tidligare, men framleis var det slik at mange av dei tilflytta kom frå dei næraste landdistrikta. Nærare 30 prosent var fødde utanbygds, halvparten i distriktet omkring, men viss ein berre hadde rekna vaksne personar, ville delen tilflyttare blitt ein god del høgre. 

Viss ein ser på landdistrikta kvar for seg, er det visse trekk som skil seg ut. Strinda og Selbu er klart det distriktet som liknar mest på byane ved i 1920 å ha størst del fødde utanbygds, om lag 45 prosent. Her er det, som tidligare, område kring Trondheim som gjer utslaget, særlig Strinda og Malvik veg tungt. Største delen utlandingar var det óg i Strinda og Selbu med vel to prosent.Storparten av innflyttarane til bygder som Strinda og Selbu kom likevel frå landdistrikta omkring, men ein god del kom også frå Trondheim. Ein merker her tydelig den dynamikken som var mellom by og omland.

I den andre enden av skalaen ligg Fosen-distriktet, der vel åtti prosent var fødde innanbygds. Den store tilstrøyminga av folk til Fosen var no tydelig over, og Fosen hadde også særs få utlendingar. Dei andre distrikta ligg ein plass imellom desse ytterpunkta. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 132-133

Relaterte artikler