Mor og barn klare for utvandring til Amerika

Foto: Aune

(Trykk på bildet for full størrelse)

Utvandring i tal og takt

Hører til Emigrasjon

Naturlig befolkningsvekst og innanlands flytting var viktige faktorer, men det mest dramatiske på det demografiske området var trass alt den store utvandringa. I tida 1846-1930 sett under eitt drog over 80 000 menneske til oversjøiske område.

Både i absolutte tal og relativt sett var det flest som drog først i 1880-åra, men det var også store emigrantbølgjer i tida etter 1865 og tidlig på 1900-talet. I forhold til folketalet var utvandringa av nokså lite omfang i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, bortsett frå 1866 da det var ein voldsam topp i Nord-Trøndelag som ikkje førekom i Sør-Trøndelag.

1866
Året 1866 markerer for heile regionen starten på den første store emigrasjonsbølgja som varer fram til 1873. Den neste varer frå 1879 til 1893 og den tredje frå århundreskiftet og fram til 1910. Dei trønderske kurvene samsvarar nokså bra med landsgjennomsnittet, men Nord-Trøndelag ligg i nokre periodar over, som i 1866 og også på slutten av 1880- og først på 1900-talet. 

Emigrasjonen i tal
Omfanget av emigrasjonen varierte sterkt frå distrikt til distrikt i Trøndelag. I absolutte tal låg Stjør- og Verdal på topp med over 14 000, tett følgd av Trondheim med nærare 14 000 emigrantar. I talet for Trondheim skjuler deg nok seg ein god del etappeflyttarar, det vil seie, folk som først flytta inn til byen og seinere emigrerte. Fosen kom på ein tredjeplass med nesten 11 000, deretter Strinda og Selbu med vel 8 000. Resten av distrikta låg nokså jamt i overkant av 6 000, mens byane i Nord-Trøndelag til saman hadde ca. 4 000 emigrantar. 

Biletet vert derimot nokså mykje forskjellig når emigranttala vert sett i høve til folketalet. Da kjem byane i Nord-Trøndelag på topp, men det er nok berre tilsynelatande. Det var mange frå bygdene omkring som utvandra via desse byane, og da folketalet i utgangspunktet var lågt, gav det seg store utslag. 

Viss ein ser bort frå byane i nordfylket, er det Trondheim og Stjørd- og Verdal som ligg på topp for hundreårsskiftet, tett følgd av Orkdal. Dei fleste distrikta hadde i det heile ein topp i emigrasjonen kring 1880, men det gjaldt ikkje Fosen, Namdal og Inderøy. Desse distrikta hadde alle emigrasjonstoppen først på 1900-talet. Fosen ligg særs lågt i 1800-åra, men aukar markant på etter hundreårsskiftet. Utanom byane i Nord-Trøndelag er det Orkdalen og Fosen som har høgaste ratar from mot 1910, med sju-åtte prosent av middelfolketalet. Inderøy ligg nokså lågt i høve til folketalet heile tida, under fem prosent av middelfolketalet, mens Namdal ligg høyare enn INderøy både før og etter 1900. Den største toppen for Ndamdal kjem i første tiår på 1900-talet, da han når åtte prosent av middelfolketalet. 

Familieutvandring vs enkeltpersonutvandring
Tala for Trøndelag samanlikna med tala på landsbasis viser at utvandringsraten her i regionen låg litt over landsgjennomsnittet fram til 1900, deretter låg han litt under gjennomsnittet i dei fleste tilfella. Det karakteristiske for utvandringa i den første fasen var familieutvandring. Mot slutten av 1800-talet tok enkeltpersonutvandring over i større grad. Til dømes var to tredel av utvandringa fra Snåsa i tida 1866-1885 familierelatert, deretter var det heilt omvendt fram til første verdskrigen. Frå Åfjorden var det berre familieutvandring fram til 1875, neste tiår tre femdel og etter 1885 steig talet på einslige emigrantar for kvart år. Mannlige, yngre årsklassar var spesielt sterkt representert i innleiingsfasen til ei emigrasjonsbølgje. Slik er det grunn for å hevde at mannlig utvandring var meir påverka av konjunkturane enn kva kvinnelig var. 

Elles kan det seiast at utvandring på 1800-talet hadde meir permanent karakter enn den som følgde deretter. Heimvendte amerikanarar vart eit fenomen. Av 109 som var egistrert heimvent til Åfjorden, hadde langt borti halvparten berre vore derover i 5 år eller mindre. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 136-138

Relaterte artikler