Gruvearbeidere ved Sextus gruve i 1940 (Ingressbilde)

Foto: Alf Sandnes

(Trykk på bildet for full størrelse)

Kontakt i grenseland

Kontakten i grensetraktene hadde vore stor til alle tider. Det var jemtar i Trøndelag og trønderar i Jemtland, om det var statsgrenser mellom regionene eller ikkje. To tredel av utlendingane i Trøndelag var svenskar, og ein stor del av dei var frå Jemtland og Härjedalen.

I denne perioden hadde den tradisjonelle marknadstrafikken mindre betydning, men han vart til gjengjeld kompensert av andre former for sesongvise rreiser og arbeidsvandringar. Jernbaneanlegg og gruve- og industriarbeid var det eine, men skogsarbeid var også viktig. Mange svenskar arbeidde på norsk side i industri og anlegg. Dei fekk ofte ein kulturell dominans. Det var vanlig å "svenske" i mange arbeidsmiljø, og dette kan ikkje forklarast med eit talmessig overtak.

Når det indre av Norrland, mellom anna Jemtland, vart opna for kommersiell skogsdrift, vart det sesongarbeid å få der for mange trøndarar. Også sagbruksindustri som vart etablert i Vest-Jemtland, verka forlokkande for mange her i Trøndelag. Dette resulterte i mange familie- og slektskapsband på tvers av grensa. Bygdebøkene frå grenseområda fortel talrike historier om slike familienettverk og vitnar om ei stadig fram- og tilbakekopling mellom dei to regionane. 

Samene må her nemnast særskilt. Inntil unionsoppløysinga såg dei i alle fall ikkje på riksgrensa som ei grense mellom sine folk. Det finst grundig dokumentasjon på vandring og samkvem over grensa begge vegar. Samane såg på seg sjølve som samhøyrande, meinte informantane Elias og Nils Fredriksson i ei utgreeing til lappefuten Brännström i 1898. Dei to var fødde i Sørli, men dreiv no med rein i Oviksfjella. I ungdomen hadde Elias vore reindreng i Hotagen og hadde da deltatt i vinterflytting til Noreg. Nils på si side hadde fleire gonger følgd foreldra på vinterbeite i Jemtland. Det var i det heile ikkje noko skilje mellom svenske og norske lappar, meinte Nils Fredriksson. 

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 135-136