Fjellseter

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Fritidslandskap

Jordbrukslandskapet var eit produksjonslandskap, men i denne perioden kan ein også ta til å nemne noko som fritidslandskap. Desse to landskapstypane kan gå inn i kvarandre, slik at det kan vere element av fritidslandskap innimellom i eit produksjonslandskap.

Allereie frå rundt 1830 fanst det spesielle bygningar berekna på turistar i enkelte av dalføra i regionen. Det var dei såkalla engelskstugguene som var bygde for engelske laksefiskarar. Dei hadde same grunnplan som våningshusa, men var gjerne ein god del mindre, og dei var bygde for utleige. Det er funksjonen som gjer dei så spesielle. Dei var gjerne plasserte slik at laksefiskarane kunne sjå utover elva og følgje med om fisken vaka. Dei vart også gjerne forsynte med verandaer i beste sveitsarstil.

Fotturistane
Andre typar turistar var dei moderne fotturistane som også kravde overnattingskvarter. Særlig i fjellbygdene vart det innreidd rom på gardar og setrar, men etter kvart vart også separate hytter bygd for fjellvandrarane. Trollheimen og Sylan fekk størst innslag av desse turistkvartera. Også stiar og merka fotruter var ein del av dei nye trekka i landskapet som følgde med turismen. I Sylan samarbeidde ein med turistforeininga på svensk side, og på slutten av 1890-talet vart det mulig å gå frå hytte til hytte over grensa.

Sanatorier for betrestilte
Også ein meir monden form for turisme utvikla seg med etablering av sanatorium, som ikkje må forvekslast med tuberkulosesjukehus. Det var såkalla luft- og/eller vasskuranstaltar som vart lagde i naturskjønne omgivnader i tilstrekkelig avstand frå industri og bymiljø. Det var gjerne betrestilte som kunne nyte selskapet til kvarandre som tok opphald på slike stader. I Trøndelag vart det bygd sanatorium på Lisbetsetra i Skaun i 1887. Det låg høgt og fritt, med store verandaer og mindre hus i utprega sveitsarstil for overnatting. Eit anna sanatorium var Fjeldsæter i Bymarka i Trondheim som vart tatt i bruk i 1899. I Bymarka vart det også bygd utfartshytter for vanlig byfolk og opparbeidd kilometervis med turvegar. Dette siste vart fritidslandskap for by- og industribefolkninga på same tid som det kunne vere jordbrukslandskap for bygdefolket. Endra arealbruk opplevde ein i størst grad i byane, og det kunne framkalle behov for å opphalde seg meir i grøne omgivnader.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 23

Kilder