Jullag på Båggåstronda

Jullaga var ein tradisjon på Stronda over lang tid, iallfall i minst 20 år fra 1935 til ca. 1960. Det er noko uvisst korleis det hele starta og kva personar det var som sette det igang. Eg veit heller ikkje om slike lag var tradisjon på andre kantar av bygda. Mine jamaldringar og eg har våre minne om jullaga frå krigsåra.

Båggåstronda vart ofte kalla "Skikjelkesida", og det er vel trulig at anten vi brukte skikjelke eller vanleg kjelke, så var det alltid nok bakkar og snøføre. Asgeir Norheim fortalde meg ein gong at når skuleungane frå Norheim og Farbregdom kom åt Nystun, kunne dei henta konnstaur under buret der og bruka som "styrstong" nedover Snøvesbakkane. Dei hadde grei avtale med far om dette, men vilkåret var at dei kvar gong måtte ta med staurane oppover att på veg heim!

Vedlegg


Relaterte kilder