Sæterminne frå Skærdalslia

Noko av det eg hugsar best frå barndomen min, er dei fine sumrane i 1930-åra, med bading og uteliv. Ei storhending kvart år var sæterflyttinga uti juni, når det vart beite oppetter liene. Eit par dager føreåt var vi på sætra og gjorde reint. Etter ein lang vinter med snø og blest var det mangt som trong overhaling.

Vi bar vatn frå kjelda og vermde opp på omnen og i storgryta. Her var det naudsynt med grønsåpvask etter all muslorten og kongollveven og skitten i kvar krik og krok. Til slutt fann vi frisk eine og la mellom steinhyllene uti skjælet. Bostar og teppe fekk henge og lufte seg etter dugleg bank før vi tok dei inn. Og til slutt fann vi nokre blomar som vi sette på bordet i eit glas. Ein liten duk la vi under. No kunne mor koma og busette seg for sommaren!