Krigsminne frå 1808

Dei første ti-femten åra av 1800-talet er mellom dei svartaste i historia vår. Årsvoksteren slo feil år etter år. Folk svalt og leid vondt. Attåt var det ufred ute i Europa: napoleonskrigane.

Av forskjellige grunnar kom Danmark-Norge til å stå på "feil" side, med Napoleon og dermed mot England og mellom anna Sverige. Dette fekk store konsekvensar for Norge.