Svart jul

Jula for 240 år sea var den uhugleaste som Haltdalen har hatt. Det var krig – sluttfasen av Den store nordiske.

Og den aller siste snerten av denne fekk Haltdalen kjenne til gangs: bygda vart ganske enkelt ribba og ruinert under sluttfasen av det ulukkelege hertoget som den svenske generalen Armfelt gjorde for å ta Trøndelags samstundes som Karl 12. sjølv skulle ta Sør-Noreg.

Men det gjekk ille med Armfelt – som det gjorde det med Karl. Kongen fall, og Armfelt måtte dra seg over til Sverike – frå Haltdalen til Tydal - og over grensefjella. For dei fleste soldatane bar det inn i døden, i uveret.

Det var førejulsvinter i Haltdalen. Fremmed liene på austsida låg dei få gardane som da fans her. Det var ikkje mange. Dei gamle, gråbrune tømmerstugguene låg spreidde frammed lia i kvar si glenne i skogen. Ein merkeleg førejulsvinter hadde det vori: linnver og kalde om ein annan. Berre oppe i høgdene låg det litt snø. Det hadde difor vori hardtak for bøndene å få gjort førejulsarbeidet: kjøre heim alt frå skogen og fjellet – ved, mose, høy. Og det var ikkje lite, for det var jo i fjellet dei hadde mesteparten av foringa. Men dette arbeidet måtte gjerast før jul. Etterpulsvinteren var etla til fortenestkjøring i ferdavegen. Eller kol- og malmkjøring.

Og så nærma det seg jul. Moselassa sto oppbikka tett i tett ute i gårdsplassane. Og høyståla i låver og lauer var fullstappa av myrhøy. Og så kom julesnøen og la seg kvit over skog og eng. Men så kom det óg noko anna. Like inn under jul tok det til å koma blåkledde soldatar oppover dalen. Det var dei første fortroppene av den svenske armeen, som etter fåfengte freistnader på å ta Trondheim, no kom trekkande oppover Gauldalen, helst for å skaffe seg mat, fór til hestane og andre nødvendige ting. Ein kan tenke seg stemninga mellom bygdefolket . Dette med svenske soldatar var ikkje heilt framandt. Og krigen og krigsryktene hadde sett skrekk i folket. Ryktene om Armfelt-heren på marsj oppover dalen hadde sikkert óg nådd fram. Og så – like inn i høgtida – bar det til å redde unna . Mat vart kjørt i utmarka og gjømt under granbar og i slåttlauer og setrar. Mange prøvde óg å redde unna buskapen opp på setrane. Og mykje av folket flytta óg dit. På mange gårdar fans det ikkje att folk heime.

Og så kom storhopen av soldatane – 6000 mann spreidde seg oppover bygda . 6000 utsvelta , elendig kledde svenske soldatar. Ein kan skjøne korleis det gjekk. Måtte gå. Det som fans av mat på gårdane svann som dogg for sol til denne store folkehopen. Fjøsa vart reinska for dyr, som vart slakta ned. Og i nysnøen sto fär etter bølingane som hadde dratt til seters . Svenskane fann vegen. Ein av mennene på Grønset - ”Litj-Grønset´n” hadde reist opp på vollen med dyra sine. Her kom svenskane og reiste med dyra – også med hesten. Rett nok fekk han hemne seg litt med å skyte ein av svenskane og reiste med hesten. Og etter at svenskane var reist, var han opp i Bukkhamaren med hest og kolkorg og hogg hender og føter av ihelfrosne svenske soldatar og kjørte ned for å få tak i ringar, sko og andre verdisaker, men det strakk nok ikkje til som skadebot.

Det var elles fleire som gjorde seg turar fram på åsane og skulle sjå kva svenskane dreiv med. Ein dreng på ein av Flatberggårdane gjorde seg ein tur fram frå Ledalen – der dei låg i seteren med buskapen - og fekk sjå ein svenske som sto og steikte flesk inne på ein av Flatbergeng-gårdane. Han lura seg fram til gården og skaut svensken . Det same gjorde ein dreng på ein av Gåre-gårdane. Men dette gjekk sjølvsagt ikkje. Fleire gårdar vart brent som hemn. Og det vart kalt. Det trongs brensel. Og så måtte husa til pers.

Folket i Tamlaget trudde seg sikre, og hadde ikkje flytta til seters. Men svenskane kom her óg, og ribba fjøset – så nær som for ei ku. Men ho spara dei ikkje av sælebot, men fordi ho var kolsvart og sto inst i ei mørk krå, så dei ikkje såg ho. Jau, det var ei lite hyggelig jul, både for dei som låg på setrane, og for dei få som var heime. Men så hadde nok heller ikkje dei stakkers svenske soldatane noko gledelig jul. Svalt og fraus gjorde dei. Sjuke og utmatta. Og mot vinteren. Og uvisse på framtida i eit framant land med berre fiendar kring seg. Fiendar som rett som det var lura seg fram frå skogane og fjella og skaut. Ein svenske som kom inn på ein gård, tok ein av gutane på gården på kneet, skar ut eit par blanke knappar av uniformen og ga gutten og sa: ”En sånn der pojke har jag hemma i Sverige, och Gud vet om jag ser honnom mera”.

Og serleg julestemning var det neppe juledagen, da troppene sto oppstilt til feltgudstjeneste. Det er lite truleg det var serleg kraft i salmen dei song: ”Vår Gud är oss en väldig borg”. Men så kom det sikre bodet om at Karl 12, var fallen ved Fredriksten. Og da var saka klår for svenskane: Heim, Heim – så fort som mogeleg og beinaste vegen. Og så bar det avgårde – inn i vinterstormen og døden i grensefjella for dei fleste. Men bak dei låg ei ruinert bygd. Og ei bygd i hat. Men oppe i Bukkhamaren la snøen seg rein og kvit over dei døde som sov for godt. Og som ikkje kom heim til ”pojkarna” sine.