Skole og folkeopplysning Videregående skoler og yrkesutd... Videregående ... Reglar for eleva...

Utdrag frå hefte om reglar ved landsgymnaset i Orkdal. Utgitt av Orkdal landsgymnas i 1924.

Reglar for elevane ved Orkdal landsgymnas
(Etter reglement for dei offentlege landsgymnasa etter lover frå 1896 og 1914 og fastsett ved kongeleg resolusjon frå 6. juni 1919)

                                                  § 1
(Frammøte). Elevane skal møta fram på skulen til fastsett tid og hava med heimearbeid, bøker og skulegreidor som trengst for dagen. Skulde noko ver ugjort eller gløymt, segjer dei straks frå til vedkomande lærar fyrr timen byrjar.

                                                 § 2
(Arbeid). Alt arbeid som elevane gjer på skulen eller hieme, skal vera skikkeleg fråseggjort. I timane skal elevane fylgja vel med og ikkje halda på med uvedkomande ting.

                                                 § 3
(Burtevera). Når sjukdom eller annan tvingande grunn hindrar ein elev i å møta på skulen, må han senda skriftleg melding um det til klassestyraren so snart han kann, - med underskrift frå foreldre eller vertsfolk, dersom det vert kravt.
Ellers må ingen elev vera burte frå nokon time utan løyve frå skulen. Dette gjeld ogso når nokon for lang reis skuld måtte ynskja å fara fyrr ein ferie tek til, eller koma att fyrst etter skulen heve byrja.

(...)

                                               § 5
(Skuleroma) Kva elev er ansvarleg for sin pult og anna som han nyttar av ting som skulen eig. I tilfelle han gjer skade på noko, er han pliktig til å betala for det.

(...)

                                              § 7
(Åtferd). Elevane skyldar å syna alle lærarane ved skulen vyrdsemt og lydnad, og i alt retta seg etter det som vert dei fyresagt. - Seg imillom skal elevane vera gode kameratar. Dei har å gå roleg og sømeleg frå skulen etter siste timen.

Eierrettigheter: Universitetsbiblioteket i Trondheim, NTNU

Kildeveiledning Utskriftsvennlig format Legg til i Min Kunnskapskurv