Storflaumen i Driva i 1932

Storflaumen i Driva 7. juli 1932 var ganske sikkert den største sidan Storofsen, katastrofeflaumen i 1789. I Oppdalsboka er nemnt fleire store flaumar mellom 1789 og 1932, men ingen av dem synes å ha hatt eit slikt omfang som flaumane desse åra. I to artiklar fortel John Mork og Oddvar Hoel om korleis del opplevde dei mektige og ødeleggande naturkreftene i 1932 - i øvre og nedre del av Drivdalen.

Vinteren 1931-32 hadde vore hard, med mykje snø og lange bolkar med stri vind og kulde. Store snøfall hadde ført til at det gjekk fleire ras som stengde jernbana for nokre timar kvar gong. Me budde på Stølan øvst i Drivdalen, far var banevaktar på strekninga derifrå og nesten ned til Drivstua stasjon.

Vedlegg