Vulkanutbrotet i Peru som førte til nød og død i Oppdal

Morten Bjørnsen, prest i Oppdal i åra 1591-1606, er i ettertida blitt mest kjend for dei notata han gjorde i dei gamle Missale Nidrosiense som lå i Vang-kyrkja. Dette klenodiet - Norges eldste trykte bok vart gjenfunne av sokneprest Arne Aspeland på loftet i prestebustaden for kort tid sidan og blir omtala av han i ein annan artikkel i Bøgda vår. Dessverre er sidane med notata borte no, men vi kjenner innhaldet gjennom fleire avskrifter eller referat.

Notata til Bjørnsen gjeld nok først og fremst hendingar og og tilstandar i Oppdal i mellomalderen, men han har også gitt oss fleire viktige opplysningar om samtidige forhold. Mest interessant er omtalen av det forferdelege nødsåret 1601.

Vedlegg