Utedo fra Seterbyen Vålåskåret i Meldal

Foto: Finn Damstuen

(Trykk på bildet for full størrelse)

Seterbyen Vålåskaret i Resdalen, Meldal kommune

Seterbyen Vålåskaret er eit samarbeidsprosjekt om opplæring og istandsetjing av freda bygningar. Vålåskaret er eit uvanleg seteranlegg, med uthusbygningar og seterstuer i rekkjer med ”gater” imellom. Dette ordninga av bygningar forklarer greitt grunnen til nemninga ”Seterbyen i Vålåskaret”. Hus plassert i slike rekkjer, er det lite å finne av i Trøndelag no, men bygnings-anlegget Vålåskaret tilseier at rekkje-tun kan ha vore meir vanleg i tidlegare tider. I dag er Trøndelag mest kjent for sine firkant-tun.

Tilskottsmidlar frå Riksantikvaren har no gjort det mogleg å kome i gang med dette samarbeidsprosjektet i Vålåskaret.

 

Vålåskaret er eit uvanleg seteranlegg, med uthusbygningar og seterstuer i rekkjer med ”gater” imellom. Dette ordninga av bygningar forklarer greitt grunnen til nemninga ”Seterbyen i Vålåskaret”. Hus plassert i slike rekkjer, er det lite å finne av i Trøndelag no, men bygnings-anlegget Vålåskaret tilseier at rekkje-tun kan ha vore meir vanleg i tidlegare tider. I dag er Trøndelag mest kjent for sine firkant-tun.

 

Ein finn Vålåskaret like ved vegen som går gjennom heile Resdalen, frå Å-grenda i Meldal og over til Rindal, knapt 1,5 mil frå Å sentrum ved RV 700. Seteranlegget ligg rett opp frå Resvatnet, i ei slak, sørvendt skråning. Austafor husa er det ein bratt skrent mot eit bekkefar. Elles er det store utmarksareal i Vålåskar-området, som elles i det meste av Resdalen. Så det er greitt å forstå at det i denne dalen også er attraktive areal for hyttebygging og fritidsformål!

 

Seterdrifta i Vålåskaret vart lagt ned i 1950-åra, men dei fleste seterstuene er i dag i bruk som fritidshus, og med varierande grad av inngrep og endringar i tilknytning til dette. Her kan nemnast at det er inngått ein samarbeidsavtale med Meldal Bygdemuseum om bruk av den seterstua som er minst endra. Denne stua er knapt endra noko som helst i løpet av 1900-talet. Bygningane som står i Vålåskaret i dag, er for det meste frå tidleg på 1800-talet.

 

Historiske kjelder fortel at Vålåskaret frå gammalt av hadde vore to bruk, Nedgard og Oppigard, og var leiglendingsgods. Men den faste busetjinga tok slutt frå tidleg på 1800-talet, og Vålåskaret vart delt opp i mange seterbruk. Båe Vålåskargardane var haldne for å vere frostlendte bruk, og dermed uvisse for korn, men gode til eng. Omlegginga til seterdrift synest i så måte greitt å forså.

 

Seteranlegget Vålåskaret vart tinglyst freda i 1967, som det første her i landet. I fredingslista er oppført som freda 9 seterstuer og 6 uthus.

 

 

Sêterhusa

Både seterstuer og uthus er lafta, og alle har torvtak.

Sel og mjølkebu låg vanlegvis under same taket. Dei fleste uthusa har rom for dyr i bakkehøgde og høyløe over, med bruinn midt på øvre langsida. Det vil seie ei planform som for vanlege låvar.

 

For sela varierer planforma, frå enkle ein- og to-roms til vanlege tre-roms. Men felles for alle sêterstuene er at dei har minst to rom: med opphaldsrommet, eller ”innpå sætern” som det gjerne heiter, og bua eller masstua. Vanlegvis er det et soveloft over bua og som er ope mot opphaldsrommet.

 

Kvar brukar hadde to hus, som dei fleste framleis har. Dette vil seie eitt våningshus med sel og bu og eitt uthus med fjøs og fôrlager. Mønsteret er at våningshusa er plassert i rekkje og med uthusrekkje nedanfor. Systemet er ikkje heilt konsekvent gjennomført, men husa ligg likevel som eit svært godt samla bygningsmiljø i landskapet.

Etter kvart har bygningar fått bordkleding på vegger mot hardaste vêrretninga.

 

 

Samarbeidspartar i prosjektet

  • Eigarane
  • Prosjektet ”Knoppskyting – fra fjord til fjell”, Meldal
  • Meldal kommune
  • Senter for Bygdekultur, Dovre
  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

I tillegg til desse har Meldal historielag gjeve tilbod om hjelp. Historielaget har lang tradisjon som arrangør for ulike kulturhistoriske arrangement, også her i Vålåskaret .

Eit så omfattande prosjekt vil komme til å måtte gå over fleire sesongar.

 

Mål for prosjektet

1. Istandsetjing av eit sjeldsynt bygningsmiljø, der det blir stilt strenge krav til valg av metode for istandsetjing.

I utganspunktet skal det vere slik for bygningar som er freda. For uthusa i Vålåskaret er det spørsmål om reparasjon av bygningar som har gått ut av bruk. Dei treng derfor ikkje tilpassast verken tradisjonell eller ny bruk bruk. Tiltak på desse bygningane er såleis å vurdere som rein bevaring. For seterstuene derimot, blir det å ta stilling til kva som er forsvarleg av tiltak i forhold til freda bygning og det miljøet bygningen er del av.

 

2. Opplæringstilbod for handverkarar som vil styrke sin kompetanse.

Det blir etter kvart spørsmål om godkjenning og dokumentert kompetanse for arbeid med gamle hus, med spesielt strenge krav for å få arbeide med freda bygningar.

 

3. Vise eigarar og andre interesserte praktisk vøling og vedlikehald av gamle hus.

Det finst mange av desse rundt omkring i landskapet, slik som her i Vålåskaret. Som eit hint om mengde, kan nemnast at registeret for bygningar som er frå før 1900, i Sør-Trøndelag, omfattar bortimot 25 000 objekt!

 

4. Eigarane vil bli invitert til å bli med under den praktiske gjennomføringa. Ein eigendel i finansiering av tiltak, kan godt vere som arbeidinnsats, ved dugnad eller på annan måte.

 

Opplæringsdelen
Senter for Bygdekultur står for det faglege i opplæringa, ut frå ein modulstrukturert opplæringsplan. Lokal kompetanse vil kunne bli brukt for oppfølginga under gjennomføringsfasen.

Evaluering og rapportskriving/dokumentasjon blir vektlagt som del av prosjektet. Deltakarane skal kunne oppnå eit kvalifiserande tillegg til det dei måtte ha frå før som handverkar, jamfør strengare krav til dokumentasjon av kompetanse vedrørande vøling av gamle hus.

Hausten 2004 vart prosjektet starta opp med at kursdeltakarane kartla behov for tiltak på dei aktuelle bygningane, og med etterfølgjande utarbeiding av forslag til kva som måtte gjerast, i form av ein enkel rapport. Litt seinare på hausten var det skogdagar og hogst av vyrke ein hadde funne å ha bruk for, til dei planlagte reparasjonane på husa i Vålåskaret. Det blir under denne opplæringa lagt vekt på å gje kursdaltakarane ei innføring i å kunne vurdere treet på rot, for å finne ut kva for tre som høver best til ymse slags bruk. Bruk av treet skal etter planen skje i år, for dei bygningane som inngår i første etappe av reparasjonsarbeida.

Å finne fram til aktuelle kursdeltakarar skjer i samarbeid med prosjektet ”Knoppskyting – frå fjord til fjell” i Meldal.

 

Artikkelen er tidligare publisert i Kulturarven nr 28, september 2004.