Grande 800-07.jpg

Grande, Overhalla.
Tiendestabbur fra den tid Grande var prestegard. Stabburet er bygd etter 1757

Foto: Kolbein Dahle

(Trykk på bildet for full størrelse)

Kornmagasin i krisetider

Hører til Napoleonskrigene

I åra mellom 1809 og 1820 vart det bygd kornmagasin i dei fleste bygdene, men somme var noko eldre, frå 1770-åra. I Trondheim vart det oppretta kornmagasin alt under den svenske okkupasjonen på 1600-talet. Etter 1837 var det formannskapa som i dei fleste tilfelle forvalta kornmagasina.

Under Napoleonskrigane blokkerte engelskmennene norske hamner. Konsekvensane av denne blokaden er meisterleg skildra av Henrik Ibsen i diktet ”Terje Wigen”. I desse åra vart det sett i gang offentlege tiltak for å skaffe mat. Eit viktig tiltak vart å bygge kornmagasin omkring i bygdene. Hit vart det skaffa korn frå Danmark sør i langdet, frå Russland i nord og hit skulle bøndene levere korn i gode år slik at bygda hadde lager av matkorn og ikkje minst såkorn i dårlege år.

Tiltaket virka som tenkt, etter 1814 har det ikkje hatt sveltkatastofer her i landet. Det har vore vanskelege tider, men åra 1808 og11 er det siste med nedgang i folketalet her i landet på grunn av svolt og sjukdom.

Omkring midten av 1800-talet var det ikkje lenger vanskeleg å skaffe korn, særleg kom det mykje og billig korn frå Amerika. Denne tilførselen var så rikeleg at det førde til omlegging frå korn til husdyr i norsk jordbruk.

Kornmagasina vart avvikla og dei pengane som kom inn frå salet, vart som regel grunnfond for den lokale sparebanken. Vi fekk ei utvikling frå ”kornbank” til ”pengebank”.

Eg veit ikkje at det finst att nokon av dei gamle magasinbygningane i Trøndelag. Det er ikkje så lenge sidan stabburet på Østre Hunn i Overhalla vart rive. Dette stabburet hadde vore kornmagasin der i bygda. I Overhalla står det framleis eit hus som hadde ein liknande funksjon: Tiendestabburet på Grande. Men kornet som vart samla her frå siste halvdelen av 1700-talet var presteløn, ikkje ein fellesressurs for bygda. Men truleg var det mange prestar som tøygde seg langt for å hjelpe folk i naud.

Arkivmaterialet etter kornmagasina inneheld for det meste forhandlingsprotokollar og rekneskapsbøker.