IMG_6481.JPG

Vallersund. Hovudbygningen og Borgstua.

Foto: Kolbein Dahle

(Trykk på bildet for full størrelse)

Vallersund, helse og handel.

I eit nummer av ”Hjemmet” i 2006 var det ein presentasjon av Vallersund Gård som Camphill-landsby. Det var ikkje utan lokal diskusjon og skepsis institusjonen vart etablert i dette freda anlegget. Camphill-landsbyen tek seg av vaksne menneske som treng hjelp, ofte etter rusmiddelbruk. Men dette er ikkje første gongen Vallersundgarden blir brukt som helseinstitusjon.

Frå slutten av 1600-talet til 1792 var det leprahospital i Vallersund, side ved side med handelshus og skjenkestad.

I tunet på Vallersund står det att 5 av opphavleg 13 bygningar. Desse vart freda 11.9.1972.

[bilde1]

Tunet ligg i nær tilknyting til sjøen med god hamn inne i sundet. Det er ikkje rart at det vart ein sentral handelsstad på kysten her. Litt meir spesielt er det att det vart sjukehus for spedalske her som det andre i landsdelen ved sidan av Hospitalet i Trondheim. Men fordi om dette er ein sjukdom vi helst kjenner frå bibelhistoria, var det ein utbreidd sjukdom her i landet på den tida. Det var også ein nordmann, Armauer Hansen ved St. Jørgen hospital i Bergen som i 1873 oppdaga leprebassillen. Dette førte til gjennombrot for lepraforskninga på 1800-talet.

Etter lang tid som handelsstad, på slutten sikkert for langt vekk frå allfarveg, vart Vallersund i 1981 kjøpt til Camphill landsby. På nytt er det ein helse- og sosialinstitusjon her. Men ikkje nok med det, det er også skole for utdanning innan omsorg. Noko anna som er verdt å merke seg, er at garden er sjølvforsynt med energi frå vindmølle og sjøvatn, supplert med litt bjørkeved. Ein stor miljøinnsats blir også gjort gjennom å ta godt vare på dei freda bygninane.

[bilde2]

Omkring bygningane er ein flott park og spanande bronsekulpturar.

Litteratur:
Eilert Bjørkvik 1984: Vallersund Hospital i Årbok for Fosen i 1984
Erik Moxnes 1994: Vallersund hospital. Et spedalsksykehus midt i leia, i Møllkula nr. 1-2 1994.