Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg

Hører til Historisk metode og Metode

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i samfunnsfag inneber å fortelje om hendingar i fortida og samtida, å greie ut om stader og fakta og å bruke definisjonar, omgrep og faguttrykk til å forklare årsaker og verknader knytte til samfunn og kultur. Det inneber å kunne presentere resultat av eige arbeide tydeleg og forståeleg for andre, og å kunne samtale om sine eigne og andre sine presentasjonar. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i tekstar, bilete, film og gjenstandar, og å kunne samanlikne, argumentere og drøfte verdiar i informasjon og kjelder, i hypotesar og modellar.