Fagopposisjonen

Fagopposisjonen av 1911 var skapt og leidd av Martin Tranmæl. I 1913 vart organisasjonen landsomfattande under namnet Den norske fagopposisjon og hadde eit revolusjonært siktemål. Dei ville ta i bruk kraftigare kampmiddel enn streik, som boikott, sabotasje og obstruksjon. Fagopposisjonen fekk størst tilslutning i Trøndelag under Tranmæls leiing. I resten av landet var det særlig anleggsarbeidarane og rotlause industriarbeidarar på nye industristader med mye tilflytting som slutta seg til Fagopposisjonen. Dyrtid og jobbetid under første verdskrigen skjerpa klassemotsetnadane i landet og førte til auka oppslutning. Fagopposisjonen vann fleirtal i fleire forbund, i 1920 også i Landsorganisasjonen.