Når ein skal studere og vurdere helseforhold, er det viktig å ha med seg at det er stor kontrast i sjukdomsoppfatninga mellom før og no. I 1800-åra hadde ein høgare terskel for smerte og plager enn i dag, og sjukdom og død var ein mykje meir naturlig del av tilværet enn no til dags.
Allmueskulen var ein skule for begge kjønn, latinskulen var berre for gutar. Borgarskulane tok inn både jenter og gutar, rett nok med ulike fagtilbod, men jenter frå borgarskapet hadde allereie frå slutten av 1700-talet hatt tilgang til meir utdanning enn berre allmueskulen.
Av stridsspørsmål som prega skulen på denne tida sto spørsmålet om opplæringsmål sentralt. Den munnlige språkopplæringa i skulen gjekk ut på å snakke bokmål. Allmugeskulelærarane tala som ei bok, ifølge Ole Vig. I undervisningsplanen for stiftsseminara frå 1869 var det rom for å snakke dialekt for studentane, og i 1878 kom det lovvedtak som understreka at det var ønskelig at undervisninga gjekk førse seg på barnas eige talespråk.
«Jeg bor nu i et meget stort Hotel, Royal kaldes det, 4 Etager høit. Jeg og Nils Melhus bor
i samme Værelse, Semund Vik i et andet, Kvam og Fosnes i et 3die Vexelsen, Hektoen,
Hjelmstad i et 4de, 5te og 6te, og saa gaar vi sammen og politiserer.» Dette skreiv stortingsmann John Reitan til sonen Anders i brev datert 29.01.1883.
Det var altså ikkje fullt samsvar mellom kven som var røysteføre og kven som vart sittande
i det kommunale og amtskommunale leiarskapet. Røysteretten var dessutan svært avgrensa. Frå 1814 hadde alle menn over 25 år som enten åtte eller i minst fem år hadde leigd matrikulert jord, fått røysterett.
Den tidligaste politiske rørsla her til lands var haugianarane frå kring 1800. Innafor denne
rørsla fekk folk trening i møteverksemd og i å tale i forsamlingar, og haugekrinsar vart
viktige miljø for bondepolitikk når det lei fram mot 1830-talet.
I 1911 byrjar jernbaneombygginga, og anleggsarbeidarane kom til å gi arbeidarrørsla
der i distriktet viktige impulsar. Kvaal jernbanearbeiderforening vart stifta i 1912
som den første fagforeininga i desse bygdene, og ho sto tilslutta fagopposisjonen heilt frå
starten i 1913.
Martin Tranmæl var fødd i Melhus i 1879. Han engasjerte seg tidlig politisk og kom til å verte ei sterk og drivande kraft i trøndersk og norsk arbeidarrørsle. Han var både pressemann og sentral tillitsvald i Det norske Arbeidarparti og i fagrørsla, og verka dessutan som lokalpolitikar og stortingsrepresentant. Han var vidgjeten som folketalar og agitator, men først og fremst var han organisasjonsmann. Han skapte og leidde fagopposisjonen av 1911.
Fagopposisjonen av 1911 var skapt og leidd av Martin Tranmæl. I 1913 vart organisasjonen
landsomfattande under namnet Den norske fagopposisjon og hadde eit revolusjonært siktemål. Dei ville ta i bruk kraftigare kampmiddel enn streik, som boikott, sabotasje og obstruksjon. Fagopposisjonen fekk størst tilslutning i Trøndelag under Tranmæls leiing. I resten av landet var det særlig anleggsarbeidarane og rotlause industriarbeidarar på nye industristader med mye tilflytting som slutta seg til Fagopposisjonen. Dyrtid og jobbetid under første verdskrigen skjerpa klassemotsetnadane i landet og førte til auka oppslutning. Fagopposisjonen vann fleirtal i fleire forbund, i 1920 også i Landsorganisasjonen.
Den 10. april 1960 ble Ålen sogneselskap stiftet. Selskapets virksomhet var knyttet til Søndre Trondhjems Amts Landhusholdningsselskab. Dette selskapet hadde landbrukets fremme som sitt formål, og det var også formålet for de lokale sogneselskapene. I løpet av det første 10-året Ålen sogneselskap eksisterte, klarte det å bidra til en omfattende og positiv forandring i landbruket i bygda.
Silhuset eller silinga er det lokale namnet på små innretningar bygd for avkjøling av mjølk før separering eller levering til meieri. Eit mer høvelig navn kunne ha vore (av)kjølinga, men det vart brukt berre om avkjølingskummar utan takoverbygg. Særlig i setermarka var det behov for mjølkeavkjøling. Tidligare var dei fleste kyrne vårbære, dermed var mjølkeproduksjonen størst i sommerhalvåret når buskapen var på setra, og det også var varmast i vêret.
Det mest treffande svaret på spørsmålet om kvifor folk flytta, er jakta på levebrød. På
flytteattestane var arbeid oppgjeven som grunn i mange tilfelle. Nokre var beint fram
nøydd til å søkje seg utkome andre stader. Andre sto friare og var kanskje også drivne av
eventyrlyst.
Mykje folk var på flyttefot på 1800-talet. Nokre flytta berre lokalt, andre flytta innanfor regionen, og atter andre drog langt av lei. Ikkje alle flytta permanent, men var berre på sesongvise arbeidsvandringar eller dreiv langtidspendling.