Sjukdom

Tidlegare hadde ein lågare forventning til helsa og til kva som både kunne førebygge og lækje sjukdom. Ein levde med plager og sjukdomar, og den enkelte vente seg til dei skavankane han eller ho hadde. Fråvær av sjukdom var ingen føresetnad for å oppleve folkehelsa som god. Korleis ein opplever sjuklegheit er i det heile subjektivt, men opplevinga vert likevel prega av den tida ein lever i. Helsepersonell i det seine 1800-talet hadde nok ei litt anna oppfatning enn folk flest, men dei var også prega av si tid og hadde ei oppfatning som var vesensforskjellig frå dagens på mange punkt. Perioden 1850–1920 var enno ei tid der mange smittsame sjukdomar herja. Etter at mange av dei no er nærast utrydda i vår del av verda, er fråvær av smittsame sjukdomar det normale og oppfatninga av sjukdom deretter.